lørdag 17. september 2011

Ei resirkulert helg...

 Resirkulering og handlaga produkt er ein trend me no ser meir og meir av - heldigvis. Me vil igjen ha det ekte og autentiske. Dykk ned i kister, kjeller og loft og finn fram gamle skattar som kan nyttast i nye settingar.
28. - 30. oktober inviterer me til ei resirkulert helg, med inspirerande føredrag og kurs der me tar tak i det me har for hand, hentar fram kreativiteten i oss og lagar små, nydelege skattar. Bli med, då vel!


Fredag 28.oktober - foredrag med Signe Schineller. Signe Schineller er tilbake i Rosendal! Denne gang fortel ho om styling, stemning og gjenbruk til dei ulike rom i heimen, til fest og festbord. Signe er mellom anna kjend  frå "God Morgen, Norge" og "Sinnasnekker'n". Få med deg dette interessante føredraget!

Laurdag 29. og sundag 30. oktober held vi fire parallelle kurs:

1. Alt kan lagast i streng -  v/ Åse Dommersnes. Dette blir ikkje eit strengt kurs, men eit kjekt kurs i lag med streng! Sjå også: www.galleribronnen.no

2. Jul og gjenbruk - leik med poetiske prøvelappar og lause tråder v/ Erling Nesse. Kreativ leik med gjenbruksmateriell og symaskin som verktøy. Sjå også: http://www.paaglott.blogspot.com/

3. Kosedyr v/ Borghild Skeie. Ikkje kast gamle kjolar, bluser, skjorter, bukser, broderte dukar, puter, m.m. Med ei symaskin, litt tålmod og nokre timars arbeid kan dette bli dei søtaste kosedyr.

4. Kreative kort med gjenbruk i fokus v/ Signe Schineller. Gløym dyre scrapbookmateriell! Gjer det rimelig! Gjer det gøy! Gjer det sjøl. Bruk det du har for handa når du sender ei helsing, julekort, merkelapp på gåva eller anna. Sjå også: http://resignert.blogspot.com/

For informasjon om påmelding, prisar, o.a, sjå link på vår nettstad:

Ønsker dere alle ein kreativ laurdag!

4 kommentarer:

  1. Så hyggelig og interessant alt dette hlrtes ut! Tenk om man hadde bodd nærmere.. :-)

    Ha en strålende høsthelg! :-)

    Klem, Turid

    SvarSlett
  2. Å, eg storgleder meg til å delta;)

    God klem fra Anne på landet.

    SvarSlett
  3. Så bra du har lagt ut detta! Eg låner sikkert innlegget ditt - eller legg ein link til det når eg lagar mitt neste innlegg. Eg er spent på den helga!

    Marian

    SvarSlett
  4. Gleder meg nok en gang til å komme til Rosendal. Dere bor på et flott sted. Håper vi kan få til en tur i samme slengen! Klem fra Oslo hvor høsten er i full gang. Men det var strålende sol idag. Deilig! Snakkes nærmere! Signe

    SvarSlett